Aldersgrenser på kino

Barn i kinosal med 3D-briller

Er du gamal nok til å sjå filmen? Medietilsynet skal handheve forskrifter om aldersgrenser, fastsett av Stortinget. Under finn de ei oversikt over reglane om aldersgrenser.

A - Tillatt for alle
6 år - Adgang for personar frå fylte 6 år aleine og for personar frå fylte 3 år i følgje med myndig person.
12 år - Adgang for personar frå fylte 12 år aleine og for personar frå fylte 7 år i følgje med myndig person.
15 år - Adgang for personar frå fylte 15 år aleine og for personar frå fylte 12 år i følgje med myndig person.
18 år - Kun adgang for personar frå fylte atten år.

Om ledsagerprinsippet

Ledsagerprinsippet, som går ut på at føresatte over 18 år kan ta med seg barn som er tre år under aldersgrensa. Den føresatte må vere med inn, det er ikkje nok å følge til billettluka. Ordninga er etablert for å gje medbestemmelsesrett og ansvarliggjere dei som kjenner barnet eller ungdommen best. Derfor er det i lova lagt opp til at føresatte, i siste instans, skal vurdere om filmen er passande for sitt barn eller ungdom.

Fraråding og tilrådingar om egnethet

I tillegg til å sette aldersgrenser på filmer skal Statens Filmtilsyn gi råd om kven ein film passer for. På denne måten tilbys publikum ytterligare informasjon om kvar einskild film. Dei ulike kategoriane for egnethet er: Familie, barn, barn/ungdom, ungdom, ungdom fra 13, ungdom/voksen, voksen. Filmtilsynet kan også fraråde filmar og som ei hjelp til foreldre har filmtilsynet lagt stadig større vekt på å informere ved hjelp av frarådinger.

Dei ansatte ved norske kinoer har PLIKT og RETT til å sjekke at publikum er gamle nok til å sjå filmen, og dei kan utvise dei som er for unge i følge aldersbestemmelsane. Alderskontroll vert utført av vakta som kontrolerer billetter ved innslepp i salen.

Dessverre er det slik at kjøpte billetter ikkje refunderes. Skulle du bli stoppet i døra fordi at du ikkje er gamal nok, får du dessverre ikkje pengane tilbake.

Du kan kjøpe barnebillett til og med 14 år. Du er voksen fra fylte 15 år og må da kjøpe voksenbillett.