Aksjon Håp LIVE!

Forestillinger
Henter programmet
Roger waters-klubben i Sykkylven presenterer:
Aksjon Håp LIVE!
Bli med på ein fantastisk musikalsk kveld på Sykkylven kulturhus 17. august!
Alle inntekter går uavkorta til Aksjon Håp – dugnad mot hjernekreft.
Dei lokale banda Skabelon og Kalvedans er alt i gang med å øve inn repertoaret til det som skal bli ei storhending på kulturhuset. Variert rock og pop frå 70-, 80- og 90-talet skal løfte stemninga. Dei to banda får dessutan selskap av legendariske DJ Sunde (med Andrè til førenamn)!
Musikken vert levert frå scena i storsalen – med topp lydanlegg og profesjonelle lyd- og lysfolk! Her blir det høve til å både lytte til og danse til stor musikk! Vi tek heile huset i bruk, og pyntar både vestibyle og storsal i tråd med RW-klubbens etter kvart velkjende standard. I vestibylen er RW-baren operativ frå start til slutt, og kan tilby både øl og vin, i tillegg til speketallerken for dei som måtte ha lyst på det.
Dørene opnar kl 19.00. Slutt kl 02.00.
Første band går på scenen kl 20.00. Billettar kr. 480,- i sal på www.sykkylvenkulturhus.no frå kl 10.00 den 5. juni.
Kom og ver med på Aksjon Håp – dugnad mot hjernekreft!
Arr.: Roger waters-klubben i Sykkylven
for Aksjon Håp – Dugnad mot hjernekreft