PubRock 24

pubrock

Forestillinger

Henter programmet

Roger Waters-klubben med nytt konsept

Laurdag 17. februar presenterer Roger Waters-klubben eit heilt nytt konsept på Sykkylven kulturhus: PubRock 24! Dette blir ein kveld med både pub- og konsert-atmosfære på ein gong! Intimt som ein pub og musikalsk storslått som ein konsert!

Vestibylen skal gjerast om til ein pub, innreiast og pyntast etter den høge standarden til RW-klubben, og slik bli ei perfekt ramme for kveldens musikalske attraksjonar!

Virtuos gitarist

Klubben gler seg hemningslaust til å presentere for bygdas rock-elskarar Ketil Strand – profesjonell gitarist frå Ålesund, som med med fleire tiår som musikar og musikklærar har sett djupe sport etter seg, ikkje berre regionalt på uteljelege rock-prosjekt, men også på YouTube, der hans virtuose gitarspel har generert millionar av visningar. Ketil vil med ei blanding av klassisk rock og eigenkomponert materiale, demonstrere kvifor gitaren i sine mange variantar er ein umisseleg ingrediens i populærmusikken og kulturen vi har vakse opp i!

Skabelon

Seinare på kvelden kjem eit utvida Skabelon på scena for å presenterere The Lockdown Sessions, eit knippe Floyd- og Waters-songar som Roger Waters spelte inn med nye arrangement då pandemien herja USA som verst. Nyinnspelingane har seinare kome ut på plate og hausta fantastiske kritikkar. Vi er svært glade for at vårt eige husband har teke oppfordringa. Dei er alt i gang med innøvinga av materialet, og vil også riste endå nokre rockeperler ut av ermet etter kvart som kvelden går mot natt!

Klubben håper nettopp DU vil tilbringe kvelden saman medan oss. Oppi alle den deilege musikken vert det rikeleg høve til prat og kos ved småborda som skal riggast opp. Øl, vin og andre drikkevarer vert å få kjøpt i Waters-baren som vert open heile kvelden!

Billettar kr 360,- kjem i sal frå og med 13. desember kl 10.00.