Klangbein

klangbein

Forestillinger

Henter programmet

Klangbein er ei av Noregs mest spelte konsertframsyningar for barn og handlar om to gode vener. Musikarane Ole Jørn Myklebust (trompet) og Morten Barrikmo(klarinett) brukar musikk og mimikk på ein leiken og treffsikker måte, og tek publikum med på ei musikalsk, emosjonell og ikkje minst morosam reise gjennom stemningar og kvardagssituasjonar barna lett kan kjenne seg att i.

Misforståingar oppstår når kommunikasjonen mellom dei to sviktar, og stemninga tilspissar seg. Er vennskapet sterkt nok til å vinne til slutt?

Sidan oppstarten i 2005 har Klangbein blitt framført over 2000 gonger i seks ulike land. Framsyninga engasjerer barna og set fokus på kommunikasjon, vennskap, empati og musikkens evne til å understreke og uttrykkje kjensler.

  • Ole Jørn Myklebust (frå Eidsdal) er mest kjend for sitt lange samarbeid med Mari Boine, Jonas Fjeld og Unni Wilhelmsen, i tillegg til eigne soloprosjekt og album.
  • Morten Barrikmo spelar i prosjekt som BOA, Ellen Sofie Hovland, BAROLO og Per Zanussi Ensemble. Han har også spelt i utallige teaterproduksjonar og medverka i anerkjende ensembler som Oslo Sinfonietta og BIT20 Ensemble.

Framsyninga er produsert av Torstein Ellingsen/Rikskonsertene og Klangbein.