Pigs Might Fly

Forestillinger
Henter programmet
Roger Waters-klubben I Sykkylven presenterer:
Pigs Might Fly
Endeleg! Roger Waters-klubben i Sykkylven gler seg til å presentere eit heilt nytt show med den tidlause, universelle og djupt fascinerande musikken til Roger Waters og Pink Floyd, som vanleg framført av dei uhyre talentfulle musikarane i Skabelon!
I mars har det alt gått tre år siden forrige evenement, The Final Cut, som løfta taket på kulturhuset med spesialeffektar og fantastisk lyd – og som skapte ei stemning som ikkje låg tilbake for den vi finn på stader som Beacon Theatre i New York og Royal Albert Hall i London!
Den komande konserten har fått namnet Pigs Might Fly, som refererer til albumet Animals som denne gongen får ein framtredande plass i showet. Kvaliteten vert naturlegvis den same høge som tidlegare. Det er duka for to og ein halv time med herleg musikk, tankevekkande og til tider provoserande tekstar frå eit av verdas største og mest innflytelsesrike band – sjølvsagt med ei kreativ og visuell innpakking som er heilt i tråd med Roger Waters-klubben sine stolte tradisjonar! Store ord? Nei, ikkje viss du spør nokon som fekk med seg dei tidlegare konsertane Roger Waters-klubben har arrangert på Sykkylven kulturhus.
Storhendinga 14. mars nærmar seg med stormsteg. Det er berre å kjøpe billett når salet opnar den 17. januar.
Etterpå har du berre ein ting å gjere: Glede deg!
Sal av øl og vin (også alkoholfritt) og mineralvatn.
Dørene opnar kl. 19.00
Konserten startar kl 20.30 presis.
Pris: kr. 495,-
Billettsal startar 17. januar kl 10.00 på sykkylvenkulturhus.no