SOLID! & John Ellis

solid

Forestillinger

Henter programmet

I 25 år har trioen SOLID! reist land og strand rundt i Norge med fullastat orgelbil. Det er Bjørn Vidar Solli - gitar, Daniel Buner Formo - orgel og Håkon Mjåset Johansen - trommer.

Bandet har hatt lengre turnéar i Nord-Norge, på sør- og austlandet (og USA, India, Vietnam, Nepal, Kina etc), men har omtrent aldri spelt på Vestlandet. Dette skal dei gjere noko med i 2026 og i mars kjem dei køyrande vestover! Trioen unngår flyreiser og pakkar bilen full av orgel og alt dei treng av backline, og legg ut på en berekraftig grøn turné!

SOLID! er no ute med si 6. plate og det er andre utgjeving der bandet har med den verdskjende saksofonisten John Ellis frå New York! Ellis har jobba med folk som Robert Glasper, Norah Jones, Lonnie Smith, Brian Blade, Sting, Charlie Hunter, Marsalis-familien og mange fleire. Det er ikkje ofte vi får folk av det kaliberet på klubbturné i Norge, så dette er ei etterlengta begivenheit. Det blir jazzmusikk i verdsklasse som er eit unikt og gjennomførbart tilbod til regionen.