Haustkonsert med Sykkylven Janitsjarorkester - British Invasion

Forestillinger
Henter programmet
Britane har inntatt Sykkylven Janitsjarorkester.
Denne hausten har orkesteret fått helse på ein ny dirigent. Huw Thomas kjem frå Wales og har lang erfaring som både musikar og dirigent. Når han no skal leie Sykkylven Janitsjarorkester gjennom sin første konsert med orkesteret, er det britisk musikk som står på programmet. Frå scena får publikum høyre eit program som viser noko av breidda i britisk musikk for janitsjarorkester. Her blir det både kjende melodiar, vakre klangar og musikk med kraft og energi.
Vi gler oss til å dele denne musikken med dykk og håper mange tek turen til kulturhuset. Velkomen til haustkonsert!